Tags

I sommar tok eg turen nordover til Vesterålen, Lofoten og Helgelandskysten, noko som viste seg å vera eit taktisk bra valg med tanke på alt regnet som har skylt ned her på Vestlandet. Som landskapsmalar, er jo dette ei reiserute spekka av inntrykk som gir inspirasjon til vidare arbeid. Men, som mange sikkert har forstått, så er det eit viktig element som må vera med i mine arbeid: Snø.

Me måtte altså så langt som Vikafjellet på heimreisa før sambuaren min fekk beskjed om å fyra laus med mobilkameraet. No er ferien over, og eg er så godt som tom for maleri i større format. Det er altså på tide å koma seg inn i kunstfabrikken!

Tre lerret på 160, 170 og 180 x 130 cm. er no inne i prosessen, og eit av motiva er frå Vikafjellet. Eg er også så vidt igang med eit motiv frå Djupavatnet. Dette er basert på eit foto som er tatt av min flugefiskeglade bror, Albert. Han har truffe godt med komposisjonen, og forholdet mellom snø og det bare landskapet er perfekt. Ein liten versjon blei produsert i fjor, men no var det på tide å ta det opp i full storleik. Det siste er ein ny versjon av “Mot Sørnuten”. Dette blir det fjerde store formatet eg lagar med utgangspunkt i eit foto eg tok på ein tur i påska for to år sidan. Dette bildet er veldig spanande å arbeida med, ettersom det har mange plan som gir rom for å jobba med element som skodde og ulike lasurar.

Eg har prøvd ut gråtonar i himmelen denne gongen. Hospitanten min, Bitta, foreslo at eg kunne variera stemninga litt i forhold til dei tidlegare versjonane, noko som jo er eit irriterande godt poeng. Ein blir lett fanga av det faktum at ein M.O. fungerer bra, og gløymer å strekkja seg lengre for å utforska om motivet kan by på andre moglegheiter. Men sjølvsagt, om dette ikkje blir bra, har eg nokon å skulda på!