“Vikafjellet” 160×130 cm. Akryl og olje på lerret.
Eit arbeid som starta veldig klønete og usikkert, men utvikla seg til eit positivt første verk med motiv frå Vikafjellet.
Meininga var å bruka eit heilt anna motiv, der det var mykje vegetasjon og dermed mange grøntonar i forgrunnen, samt ein foss som stakk seg gjennom nedre halvdel av formatet. Eg bestemte meg difor å leggja ned ein del grøn og kvit struktur under grunninga, som eg kunne pussa meg ned til på eit seinare tidspunkt. Etter kort tid gjorde eg eit valg som er svært uvanleg for meg. Eg fann ut at motivet hadde for lite snø, og bytta til eit nytt foto. Normalt sett vil ikkje dette ha så mykje å seie, men dei tidlege underlaga, som no ikkje korresponderte med det nye motivet, “hjemsøkte”meg gjennom nestan heile prosessen.
Dette førte til mange ekstra lag for å dempa understrukturen, særleg den grøne. Eg lot litt stå igjen, ettersom det på enkelte parti fungerer svært bra, men mykje av dette måtte dekkjast til, då det stadig dukka opp når eg gjekk over med sandpapir for å jobba meg nedover i laga.
Altså er det lurt å planleggja godt, og gjera gode valg frå starten av.
Den vesle hytta var også svært plagsom, med sitt stadig påtrengande nærvær, som ein liten raud knapp inne i eit hav av nedtona jordfargar og kvit snø. Eg tok sjansen på å la problemet få stå til eg kom til siste laget med uttynna kvit oljefarge. Den skoddeaktige effekten blei siste mulighet til å leggja ei slør over dette elementet. Ja, eg kunne heilt ha utelatt hytta, men eg synes det er fint å ta med små menneskeskapte element i bilda der det finnes.
Det er rart kva litt “tåkelegging” kan gjera!