29. september vil mine arbeider bli presentert på Galleri Hagalid, som ligg i vakre omgivnadar i Hjelmeland kommune. Du trur kanskje du har køyrt feil på den smale vegen som snor seg oppover, men når du kjem opp på platået der det gamle tunet ligg, finn du snart ut at denne plassen har mykje meir å by på enn ein skulle tru. Her finn du eit svært særprega galleri i autentiske eldre bygg, vakkert restaurert og respektfullt påbygd.
Galleristen Hanne Sundbø var svært ivrig på å få til nokre lokale motiv, og eg har no arbeida med tre ulike arbeider utført i akryl og olje i små format, tilpassa galleriet sine intime rom. Eg har også utarbeida ei trykkplate i mezzotint der Reinarknuten er tema. Dette er eit motiv som har mykje kraft og tyngde. Ein nut, men også ein kolossal knytneve i stein. Ein tenkjer at kanskje berre snøen på toppen kan gjera den balansert nok for ei trykkplate. Eg lot meg riva med i prosessen med det vesle maleriet, og vegen vidare var lett å velga. Dette måtte bli eit grafisk blad. Eg vonar desse to uttrykka kan utfylla kvarandre.
Det blir eit variert utval av Maleri, kullteikningar og mezzotint. Skal tru om galleristen diskar opp med noko også? Eg trur opninga kan by på inspirerande overraskingar.
Utstillinga står til 21. oktober. Her har du ein perfekt sjanse til å kombinera ei flott utflukt eller ein fottur med ei kulturoppleving.
Ta gjerne ein kikk på heimesida til galleriet: http://www.hagalid.net
Reinarknuten. Akryl på plate.
Reinarknuten. Mezzotint.
“Den siste snøen på Hagalid”. Akryl på plate.