Det var på høg tid å fylla opp grafikkskuffene igjen. Eit par koparplater låg og skreik etter å bli valsa over med mezzotintvogga. Det tar lang tid å preparera platene, sjølv dei små, men når ein kjem så langt som til at ein kan byrja å polera inn motivet, er alt strev gløymt.
Denne gongen ville eg laga eit panoramaformat der eg har muligheten til å trykka i ulike lengder. Eg har også variert med ein og to plater der ein får motivet både med og utan skodde og ekstra skyer. Eg har mange minner frå å sitja i vindauga på hytta vår og sjå Håheimskaret “koka opp” skodde som velta oppover mot Jupaheiane.
“Flokatveitnuten og Solheimsgrønnut” Mezzotint. Ca. 50(Varierer)x24 cm. Variert trykk.
Frå tid til annan får eg bestillingar der ein kunde vil ha eit heilt, eller deler av eit opplag som skal gis i gåver til ansatte. Eg vart utfordra på tittelen “Svalhugne Augeblink”, og tenkte på motivet av Sørnuten, som eg har gjort utallige maleri- og kullversjonar av. Formatet var svært lite for å følgja eit budsjett som var gitt av kunden, men resultatet vart ganske artig.
“Svalhugne Augeblink” Mezzotint ca. 17×8,5 cm.