• About

Jan Terje Rafdal

~ The landscape of Midtre Etnefjell

Jan Terje Rafdal

Tag Archives: vikafjellet sogn maleri rafdal vik hordaland

Vikafjellet

31 Wednesday Aug 2016

Posted by janterjerafdal in Paintings

≈ Leave a comment

Tags

vikafjellet sogn maleri rafdal vik hordaland

Vikafjellet 160x130

“Vikafjellet” 160×130 cm. Akryl og olje på lerret.

Eit arbeid som starta veldig klønete og usikkert, men utvikla seg til eit positivt første verk med motiv frå Vikafjellet.

Meininga var å bruka eit heilt anna motiv, der det var mykje vegetasjon og dermed mange grøntonar i forgrunnen, samt ein foss som stakk seg gjennom nedre halvdel av formatet. Eg bestemte meg difor å leggja ned ein del grøn og kvit struktur under grunninga, som eg kunne pussa meg ned til på eit seinare tidspunkt. Etter kort tid gjorde eg eit valg som er svært uvanleg for meg. Eg fann ut at motivet hadde for lite snø, og bytta til eit nytt foto. Normalt sett vil ikkje dette ha så mykje å seie, men dei tidlege underlaga, som no ikkje korresponderte med det nye motivet, “hjemsøkte”meg gjennom nestan heile prosessen.

Dette førte til mange ekstra lag for å dempa understrukturen, særleg den grøne. Eg lot litt stå igjen, ettersom det på enkelte parti fungerer svært bra, men mykje av dette måtte dekkjast til, då det stadig dukka opp når eg gjekk over med sandpapir for å jobba meg nedover i laga.

Altså er det lurt å planleggja godt, og gjera gode valg frå starten av.

Den vesle hytta var også svært plagsom, med sitt stadig påtrengande nærvær, som ein liten raud knapp inne i eit hav av nedtona jordfargar og kvit snø. Eg tok sjansen på å la problemet få stå til eg kom til siste laget med uttynna kvit oljefarge. Den skoddeaktige effekten blei siste mulighet til å leggja ei slør over dette elementet. Ja, eg kunne heilt ha utelatt hytta, men eg synes det er fint å ta med små menneskeskapte element i bilda der det finnes.

Det er rart kva litt “tåkelegging” kan gjera!

 

 

Subscribe

  • Entries (RSS)
  • Comments (RSS)

Archives

  • February 2023
  • October 2022
  • April 2022
  • July 2021
  • September 2020
  • January 2020
  • July 2019
  • April 2019
  • September 2018
  • August 2018
  • July 2018
  • April 2018
  • March 2018
  • October 2017
  • July 2017
  • April 2017
  • March 2017
  • February 2017
  • December 2016
  • November 2016
  • October 2016
  • September 2016
  • August 2016
  • July 2016
  • April 2016
  • September 2015
  • July 2015
  • January 2015
  • December 2014
  • November 2014
  • October 2014
  • August 2014
  • June 2014
  • May 2014

Categories

  • Behind the scenes
  • Exhibitions
  • Mezzotint
  • Mono prints
  • Paintings
  • Uncategorized
  • Works on paper

Meta

  • Register
  • Log in

Blog at WordPress.com.

  • Follow Following
    • Jan Terje Rafdal
    • Already have a WordPress.com account? Log in now.
    • Jan Terje Rafdal
    • Customize
    • Follow Following
    • Sign up
    • Log in
    • Report this content
    • View site in Reader
    • Manage subscriptions
    • Collapse this bar
 

Loading Comments...