• About

Jan Terje Rafdal

~ The landscape of Midtre Etnefjell

Jan Terje Rafdal

Tag Archives: Galleri Hagalid Ryfylke kunst maleri rafdal

“Den Siste Snøen”- Galleri Hagalid

30 Thursday Aug 2018

Posted by janterjerafdal in Mezzotint, Paintings

≈ Leave a comment

Tags

Galleri Hagalid Ryfylke kunst maleri rafdal

29. september vil mine arbeider bli presentert på Galleri Hagalid, som ligg i vakre omgivnadar i Hjelmeland kommune. Du trur kanskje du har køyrt feil på den smale vegen som snor seg oppover, men når du kjem opp på platået der det gamle tunet ligg, finn du snart ut at denne plassen har mykje meir å by på enn ein skulle tru. Her finn du eit svært særprega galleri i autentiske eldre bygg, vakkert restaurert og respektfullt påbygd.

Galleristen Hanne Sundbø var svært ivrig på å få til nokre lokale motiv, og eg har no arbeida med tre ulike arbeider utført i akryl og olje i små format, tilpassa galleriet sine intime rom. Eg har også utarbeida ei trykkplate i mezzotint der Reinarknuten er tema. Dette er eit motiv som har mykje kraft og tyngde. Ein nut, men også ein kolossal knytneve i stein. Ein tenkjer at kanskje berre snøen på toppen kan gjera den balansert nok for ei trykkplate. Eg lot meg riva med i prosessen med det vesle maleriet, og vegen vidare var lett å velga. Dette måtte bli eit grafisk blad. Eg vonar desse to uttrykka kan utfylla kvarandre.

Det blir eit variert utval av Maleri, kullteikningar og mezzotint. Skal tru om galleristen diskar opp med noko også? Eg trur opninga kan by på inspirerande overraskingar.

Utstillinga står til 21. oktober. Her har du ein perfekt sjanse til å kombinera ei flott utflukt eller ein fottur med ei kulturoppleving.

Ta gjerne ein kikk på heimesida til galleriet: http://www.hagalid.net

Reineknuten

Reinarknuten. Akryl på plate.

 

 

Reineknuten

Reinarknuten. Mezzotint.

 

 

 

Hagalid

“Den siste snøen på Hagalid”. Akryl på plate.

 

 

Austmannaskaret

“Austmannaskardet” . Akryl på plate.

Subscribe

  • Entries (RSS)
  • Comments (RSS)

Archives

  • February 2023
  • October 2022
  • April 2022
  • July 2021
  • September 2020
  • January 2020
  • July 2019
  • April 2019
  • September 2018
  • August 2018
  • July 2018
  • April 2018
  • March 2018
  • October 2017
  • July 2017
  • April 2017
  • March 2017
  • February 2017
  • December 2016
  • November 2016
  • October 2016
  • September 2016
  • August 2016
  • July 2016
  • April 2016
  • September 2015
  • July 2015
  • January 2015
  • December 2014
  • November 2014
  • October 2014
  • August 2014
  • June 2014
  • May 2014

Categories

  • Behind the scenes
  • Exhibitions
  • Mezzotint
  • Mono prints
  • Paintings
  • Uncategorized
  • Works on paper

Meta

  • Register
  • Log in

Blog at WordPress.com.

  • Follow Following
    • Jan Terje Rafdal
    • Already have a WordPress.com account? Log in now.
    • Jan Terje Rafdal
    • Customize
    • Follow Following
    • Sign up
    • Log in
    • Report this content
    • View site in Reader
    • Manage subscriptions
    • Collapse this bar
 

Loading Comments...