Fredag 14. februar opnar utstillinga “Den Store Stillheten” i Haugesund Kunstforening (lokalisert i Haugesund Billedgalleri). Denne utstillinga vil visa eit stort utvalg av større format, inkludert eit motiv frå Løkjelsvatnet i Etne. Dette er eit triptyk på 150 x 390 cm. Dette er det største enkeltverket eg har utført, og det blir interessant å sjå det presentert i den store salen på Billedgalleriet.

Mot Stillheten

“Den Store stillheten” 150 x 390 cm.

Verket er inspirert av eit fotografi eg fekk låna av Erling Bjarte Rullestad, og er delt inn i tre individuelle lerret. Eg har behandla dei tre delene med litt ulik tilnærming, slik at dei framstår som tre individuelle sekvensar. Korte augneblikk der lyset og atmosfæren skiftar ørlite mellom kvar “ramme”.

Utstillinga skulle opprinneleg ha tittelen “Den Siste Snøen”, men i eit såpass stort utstillingsrom er det viktig å ha eit godt spenn på motivvalg og fargebruk. Om ein ikkje har fokus på dette, kan det fort bli noko monotont. Difor har eg utvida tidsramma for når motiva er tatt, og inkludert nokre verk frå midt på vinteren. Likevel er det størst fokus på snøsmeltinga i april-mai. Uansett måtte utstillinga få ein ny tittel som fanga opp heilskapen, og valget fall på “Den Store Stillheten”. Denne tittelen er inspirert av ei utstilling eg var med på i Marie Tak  van Poortvliet Museum i Holland.

Hestaskarnuten

“Inn i Stillheten” 125 x 170 cm.

Eit nytt motiv som blir presentert både som grafikk og maleri er “Hestaskarnuten”. Dette er eit fjellparti der far min tilbrakte mykje tid i sin ungdom. Fotografiet som blei brukt som utgangspunkt er tatt av Helga Markhus.

 

Nordstøldalen

“Nordstøldalen” 115 x 135 cm.

Det har også vore tid til å prøva ut nye måtar å henta inn motiv på. Bror min, Albert har ei drone som gir motiv i skikkelig fugleperspektiv. Snøsmeltingsperioden er ei tid der det er nesten umogleg å koma seg langt innover fjellet, så slike hjelpemiddel kan visa seg å bli svært nyttige framover. Motivet frå Nordstøldalen er resultat av eit slikt dronefoto.

Frå Olalia

“Frå Olalia” 125 x 170 cm.

Eit motiv eg lenge har hatt lyst til å gjera eit nytt forsøk på, er “Olalia”, som eg utførte for nokre år sidan. Den gongen gav dette motivet meg store utfordringar, så eg tenkte det var på tide å utfordra det komplekse terrenget ein gong til. Heldigvis vart det ein noko lettare prosess denne gongen, men dette er uansett eit motiv med mange nyanser som er viktig å treffa korrekt om det skal bli eit godt resultat.

Vinternatt

“Ei Vinternatt går mot Slutten” 125 x170 cm

Eit motiv som fekk mykje merksemd sist eg utførte det, var “Vinternatt”, ein versjon av “Mot Sørnuten” der eg gjorde stemninga om til eit nattmotiv. Dette var meint som ein homage til Harald Solberg, som hadde utstilling i Nasjonalgalleriet samstundes. Eg har no gjort ein ny versjon i litt andre fargenyanser.

 

Dette er kun eit lite utvalg av dei ca 30 verka som blir presentert.