Det vart endeleg tid til å ta for seg eit nytt motiv frå bildene eg tok av Vikafjellet i sommar. Eit motiv sto fram som ein kandidat med stort potensial var dette, tatt ut gjennom bilvindauga. Av ein eller annan årsak ser det ut til at det dukkar opp hytter i mange av dei motiva eg har plukka ut no den siste tida. Dette er ikkje bevisst, men det gir ein ekstra dimensjon til arbeida, synes eg. Her ser ein små spor av menneske i ellers urørt natur. Eg la også inn detaljer, om enn ganske forenkla, av eit autovern og ei skjæring der vegen går. Ein veg som om vinteren byr på store utfordringar når ein trossar naturkreftene og tar seg over med bil. Sjølv på sommaren må ein vera merksam på storfe som har eit ganske avslappa forhold til det å vera mjuk trafikant på høgfjellet.

Eg valgte å utføra to versjonar av dette motivet, og ein ser av resultatet at små endringar gir store utslag. Det bakerste partiet er gjort i to heilt ulike fargenyansar, og eg er usikker på om eg synes det eine er bedre enn det andre. På ein måte er den forenkla paletten på det miste formatet veldig kompakt og gir grafisk slagkraft, men samstundes er det interessant å ha ein meir kompleks oppbygd palett når ein jobbar med eit større format. Forgrunnen var vanskeleg å løysa på den største versjonen. Som ein ser, er det lagt til litt ekstra snø, noko som var nødvendig for å få komposisjonen til å fungera. Ein må til tider ta seg visse friheter …

vikafjellet-150x75

“Vikafjellet” 150×75 cm. Akryl og olje på plate.

vikafjelletii-160x130

“Vikafjellet” 160×130 cm. Akryl og olje på lerret.