Etter ein hektisk seinvinter og vår, har eg no endeleg klar nye arbeid for utstillinga på Galleri Giga. Den opnar 7.mai, og vil visa 14 maleri og tre kullteikningar. Ettersom det blei litt omrokkering av utstillingsdatoane mine i år, fekk eg det brått svært travelt, men med god hjelp frå min ivrige student og assistent Bitta Bøthun Bjørnsdotter kom eg i havn med nok bilder til å gi Stordpublikumet ei fullverdig inntrykk av kor eg befinn meg med mine arbeider for tida.
Eg har utforska vidare i muligheten med tynne lag med lasur og dei effektene det gir form i form av dybde og dynamikk. Det handlar om å pressa seg til å utfordra ein etterkvart ganske så innarbeida M.O. Ein må våga å ta sjansen og sjå kva som opnar seg av muligheter, sjølv om ein er under press. Eg har tatt opp motiv eg kjenner godt og gitt dei nye uttrykk. Kanskje små endringar, men dette er ein langsam prosess. Nokre heilt nye motiv har det også blitt.
“Frå Stord” 180 x 130 cm. Akryl på lerret.
Maleriet er basert på eit foto av Åsmund Hellesøy.
“Mot Flokatveitnuten og Sølheimsgrønnut” 80 x 70 cm. Akryl på plate.
“Frå Dyrskar” 80 x 51 cm. Akryl på plate.
“Mot Håheimsskaret” 160 x 130 cm. Akryl på lerret.
“Sørnuten/Over Djupaheiane” 1oo x 30 cm. Akryl på lerret.
Her er link til Galleriet:http://www.gallerigiga.no/index.htm